Dette er bloggen til lille Tardis,(Curlycrest's Mr Paisley) født 15 .7.12


Tardis!

Fordi en blå politiboks... Eller en happy liten hund med blått øye.



FREESTYLER, med tunge på første date!


And... he's bigger on the inside..



torsdag 24. november 2016

Ein liten bønn

Til deg som ikkje bor i bobla mi.
Om du aldri har hatt ein hund med jaktlyst og lav impulskontroll, så veit du ikkje kva eg har å bale med. Eg veit at du ikkje veit,for eg har no tenkt mitt om brølande hoppande drittbikkjer eg og. Dæggern som karma kan bite deg der du er høgst når du spikkjer fliser om du er for kær..
Jau, eg veit det er mitt ansvar at min hund ter seg i det offentlege rom. Eg veit at eg ikkje kan krevje full forståing fra dei som ikkje likar hundar, og dei som ikkje vil ha noko med min hund å gjera.
Så eg skal gjera mitt.
- Eg lovar at eg jobbar med dressur, med kontakt , på plass, med passering og med å tåle at nokon rasar forbi i fart. Eg lovar at eg aktiviserar han med triks og trening. Samt at han får leike med hundar han stolar på og kjenner. Han er og glad i born, det har eg og sørga for.
For å dra ein klisje : han er ein snill hund, men han han er lett frustert, og då ter han seg lite fint.
Dessverre hender det at eg har dårlege dagar, og da er ikkje innsatsen vår synleg for deg som berre ser eit kjeftande gap og eit villt blått blikk.
Tro meg, eg gjer så godt eg kan, og og eg gjer mykje for å bli betre.Eg lovar.
-Eg har alltid hunden min i bånd om eg ikkje er på ein fullstendig øde plass. Eg kan dessverre ikkje innskrenke ham på eit altfor kort bånd heile tida fordi han må få røre på seg. Men eg lovar at eg tar han inn til meg frå langt band til tett inntil om eg ser deg.
-Eg vil si tydeleg og klårt i frå at vi ikkje vil helse om du likevel slepp hunden din mot oss i full flexi. Du skal ikkje vere i tvil om det
Eg vil heller ikkje sleppe min hund bort til deg.
Eg vil med andre ord ikkje at min hund skal vere til bry for deg og dine. Hund er mitt val og mitt ansvar. Eg veit det. Eg las aviser og oppdaterar meg på lovverk. Eg veit kor lite som skal til før min hund ikkje får leve lenger.
Alt eg ber om er at du forstår at vi treng at du gjer oss plass. og tilgjeving for at eg ikkje får forebudd oss om du kjem for brått på.
Slikt kan skje.
Om eg ikkje er var deg så kan det hende han hoppar og gjev hals.Eg vil ikkje at han skal komme bort til deg.
Vær gild,ikkje passer klint opptil oss, Gjev oss litt rom. Om du kjem på sykkel, pling i klokka, så skal eg få guten i plass og få kontakta eg treng.
Eg kunne investert i gule band, men eg har inga von om at alle skal forstå kva dei er gode for.
Så , eg lovar å halde kontroll på min hund. Min herlege flinke og kjærlege hund. Men vi treng litt tid og bittelitt plass.
Takk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar